I dagens e-post fra Poesiringen var det et dikt med denne tittelen skrevet av Oddbjørn Aardalen. Det er ikke vanskelig å kjenne seg igjen i. Særlig de to første linjene: “Og skogen blei ord/ og tok bustad i blant oss”
Og skogen blei ord
og tok bustad i blant oss,
setningar av vind
og solbrann, beverhytter
og starrgras; og sola
gjekk opp og ned
slik soler har lært seg å gjere.
Og bjørka og furua kom
til dette landet,
og nøysemda låg som skodde
over myrene.
Vi gjekk ikkje langt: Ei
innskoten bisetning heldt oss
i grasbakken ved bekkjen
der blåklokker aldri
klang så høgt
at rådyr og hare blei skremt.
Vi er ennå unge, har pust
som ein unnabakke i juni, elskar
i døkke augustkveldar
medan mjukt mørkre
stryk oss over herdene.
Så vert dei ståande desse tri:
Lyden, lukten og ordet,
og størst blant dei
er ordet.
Oddbjørn Aardalen