Angsten for dei andre

På torsdag hadde Kaj Skagen en kommentar i Dag&Tid med en heftig avslutning. Vet ikke om jeg skjønner den 100%, men den gir i alle fall grobunn for undring.

Han skriver:

Paradokset i vestleg sivilisasjon er at filosofien og kristendomen ber fram det moderne individet som så forkastar kristendomen og filosofien. Dermed står det moderne individet der utan basis, og det same gjeld når det kjem til stykket den demokratiske og rettsstatlege ordninga. Så lenge har desse ordningane vore tekne for gjevne som dei best mogelege at dei fleste av oss har gløymt korleis ein argumenterer skikkeleg for dei.
Om det er ein hostorisk paralellmellom Romarrikets fall og Europa i dag, må det vera nett i denne utholinga av den kulturelle bere- og overtydingskrafta. Vestverda har skapt framgang på alle praktiske område og gjeve individet meir og meir fridom. Difor verkar og Vesten som ein magnet på store delar av menneska i verda.
Men dei som kjem, tek med seg religionen sin, slik at dei har noko å leva for, ikkje berre noko å leva av. Sjølve har vi på dette feltet ikkje anna å by på enn ein utvendig toleranse for alt det fornufta vår innvendig ikkje toler. Men vi vil gjerne læra andre opp i denne toleransen, i demokrati, ytringsfridom, likestilling og retten til å velja sin eigen livsstil, alt saman ting som berre kan argumenterast for med den læra om einskildindividet vi sjølve ikkje lenger trur på og knapt har kjennskap til.

Om Lars

Jeg bor i Kristiansand, og lever av havpadling. Mer info om meg og firmaet på www.digital-info.no
Dette innlegget ble publisert i Samfunn. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.