I dag fant jeg et dikt på FB av Åse Marie Nesse som omhandler fyrlys!
Det går sånn:
KALYPSO
Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjartaeg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt