Dette er kjærleiken

På fredag hadde Walid Al-Kubaisi en fin kommentar i Dag og tid med denne tittelen.

20160307kjaerleik

Han skriver:

Å dele alt. Eit gamalt par kom inn på ein restaurant. Dei tinga berre eitt måltid, men bad om to tallerknar. Dei delte måltidet og vinen broderleg. Den gamle mannen byrja å eta, medan ho sat og såg på han utan å eta. Dei såg kvarandre med blikk breiddfulle av kjærleik.
Folk såg på dei. Det var underleg at dei delta maten mellom seg, og at han åt og ho såg på han.
Ein ung mann reiste seg, gjekk bort til dei andre og vende seg høflig til den gamle kvinna: «Eg ser at de har tinga berre eitt måltid. Kan eg få gleda av å spandera eit måltid til, så de begge får?»
Kona smilte takksam, og rynkene dansa på andletet hennar som bølgjer i havet. Ho takka nei og svara den unge mannen: «Takk kjære ven. Du er sjenerøs, men vi har gjort det slik, sidan vi vart forelska i kvarandre og gifte oss. Vi avgjorde då at vi ville dele alt i livet. Vi deler seng og liv, hus og born, dagar og netter – og til og med måltida.»
Den unge mannen spurde henne då: «Eg ser at du fekk halvdelen av måltidet, men du et ikkje?»
«Eg ventar til han et ferdig sin del, for då gjev han meg gebisset. Som sagt, så deler vi alt.»

Avslutningen er et sitat av en ukjent vismann som skal ha sagt:

Dette er kjærleikens verkelige vesen. Du verdset han ikkje når du har han i hendene dine, men du saknar han når du har mist han.

Om Lars

Jeg bor i Kristiansand, og lever av havpadling. Mer info om meg og firmaet på www.digital-info.no

Dette innlegget ble publisert i Samfunn. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *